mandag 30. juli 2012

Enden er nær...

Etter å ha våre på farten i snart tre veker har vi no starta på turen heimover! I skrivande stund sit vi på Changi Airport i Singapore - nyt ein Frappucino og muffins på Starbucks medan vi ventar på flyet til Kuala Lumpur. Vi skal ha ei natt i KL før vi imorgon flyg til Doha for å ha ei overnatting der, for så å flyge til Oslo på onsdag morgon.

Sidan sist innlegg har vi flytta oss frå Kuching til Singapore og gjort mykje rart - berre sjå her:


Sett på kokosnøtter på øya Satang (nær Kuching)...


... bada i vatnet på Satang...


... sett på lysshow i Marina Bay i Singapore...


... beskua det ekstremt kule Marina Sands Bay Hotel...


... fått skreddarsydd dress...


... kjøpt perler...


... sett endå fleire fargerike hindutempel...


... besøkt Little India...


...vore på gudsteneste i Sjømannskyrkja i Singapore...


... ete grillmat til middag på Sjømannskyrkja og sjølvsagt vafler og kaffi til dessert...


... vore på Night Safari og sett både små...


... og store dyr!

Meir kjem! Fylg med!

K&Ø

onsdag 25. juli 2012

Videoblogg #3

Levande bilete med musikk attåt presentert på ei interaktiv internettside.

Videoblogg med andre ord!

Snurr film og enjoy!




tirsdag 24. juli 2012

Ku-ching!



Etter at vi hadde kosa oss nesten glugg ihel (men ingen skader, sjukdom e.l.) på Tioman sette vi kursen for fastlandet att...


...med dette flotte fluet! Flyplassen var eit skue i seg sjølv. Utandørs avgangshall og regnskog på alle kantar...


Vi tok oss til Kuala Lumpur for ei natt, før vi igjen sette oss på flyet for å finne fram til Borneo og Kuching!


Igår var vi på besøk i Bako nasjonalpark og fekk sjå apar i både den eine...


...og andre utgåva!


Vi kom også over fleire svin (type: vill)


Etter ein gåtur gjennom regnskogjungelen kom vi fram til denne stranda...



... der vi satte våre spor...


... før ferda gjekk vidare i båt for å sjå på relativt stilige klippeformasjonar. Kamilla vart kanskje ikkje megaimponert...


... sidan ho sovna i båten på veg tilbake.


Igårkveld prøvde vi ut ein lokal resturant og Øyvind hadde denne fisken (Red Snapper) på menyen. Veldig godt!


Dagen idag byrja med besøk i Semenggoh Orangutang Rehabilitation Centre (ja, sjølv orangutangar treng rehab!) Der traff vi på fleire små...


...og store orangutangar! Trur ikkje du vil kome for nær denne typen her. Som vi ser av anatomien er orangutangar svært glade i å gi klemmar!


Så suste vi rundt i byen saman med guiden vår, James, som fortalte mykje om historia og kulturen i og rundt Kuching og i Sarawakregionen.


Eit bilete ved "byporten" saman med katten er obligatorisk. Kuching er malay for katt.

Full fart her borte altså! Mange opplevingar på rekke og rad! Vi kjem tilbake med meir bilete og film dei neste dagane!

K&Ø

lørdag 21. juli 2012

Tilbake ifrå Paradis med videoblogg #2

No har vi kome tilbake til fastlandet etter nokre dagar på øya Tioman. For ei oppleving! Vi budde på ein utruleg flott plass; Bagus Place der vi har kosa oss med god mat, snorkling, soling og total avslapping!

Sjå korleis vi hadde det i videobloggen under!


tirsdag 17. juli 2012

Videoblogg #1


Her kjem ein aldri så liten videosnutt ifrå oss to med smakebitar frå den fyrste veka her i Malaysia!

Når vi no reiser til Tioman vil vi ikkje ha internettilgong, så det vil mest truleg verte dårlig med bloggoppdateringar dei neste dagane. Vi kjem sterkare tilbake mot slutten av komande helg! Nyt sommaren så lenge - det skal i alle fall vi!

Mote - Stil - Luksus - Velvære - vi rosabloggar for deg!


Kuala Lumpur er byen å være i om du er gira på å shoppe! Sjølv vi som ikkje er dei største shoppoholikarane har ikkje klar å unngå å besøke nokre av dei maaange store kjøpesentera her. Vi kan melde om nye joggesko og nye flip-flopar til både herr og fru. I tillegg har Kamilla kjøpt seg bukse, masse kremar, bh og ei ny veske type Louis Vuitton (heilt superekte altså!). Øyvind har gjort seg klar til strandlivet frå topp til tå med flip-flopar, shorts, t-skjorte og caps. I tillegg til ei ny klokke måtte også den splitter nye Uniteddrakta kome i familiens eige!


Korleis vi tek oss ut med alt det nye freshe vi har kjøpt vil du sjå her på bloggen etterkvart!

K&Ø

Ei veke i KL

No går storbydagane her i Kuala Lumpur mot slutten, vi har vore her i ei heil veke no. Imorgontidleg set vi oss på flyet mot Tioman, ei lita øy på austkysten av fastlandet. Dei to siste dagane har vi ikkje vore like mykje på farten, men vore litt rundt i byen og fått shoppa frå oss før øylivet tek til.

Idagtidleg la vi oss ved bassengkanten på hotellet, og håpte på at sola skulle kike fram. Istaden begynte det å regne. Vi flykta tilbake til hotellrommet før vi låg ein time på massasjebenken og vart olja og knadd på av to spa-artistar (er ikkje det ein passande tittel?)

Nyknadde, olja og fine gjekk vi ut for å få oss litt mat. Vi kan vel ikkje påberope oss å være særleg gastronomiske av oss hittil på turen, sidan fleirtalet av måltid, spesielt midt på dag har vore på Mcern og PizzaHut. Også idag valde vi mat frå det amerikanske kjøkenet og åt kyllingpizza på PizzaHut :)




Kamilla på Makan kitchen

Men vi har også prøvd ut litt meir spennande ting på matfronten! Igårkveld var vi på hotellresturanten Makan kitchen og åt av ein stor buffe som bestod av ulike typer asiatisk mat. Lam, kylling, fisk og skalldyr var på menyen. Men dette med dessertar har dei ikkje heilt forstått her borte. Mykje rart i den gata.



Vi bur berre nokre få kvartal unna dette fantastiske byggverket. Petronas Towers er med sine 452 meter er dei verdas høgste tvillingtårn!


Nok ein forfjamsa nordmann som vart overvelda av dei store tårna


søndag 15. juli 2012

Religiøs dag

Idag har vi hatt ein dag med religionsfordjuping!
Det heile starta med besøk på museumet for islamsk kunst etterfulgt av eit besøk i nasjonalmoskeen - Masjid Negara. På museet såg vi mykje gamle, eindel fine og litt rare ting.
I Masjid Negara traff vi på ein svært hyggeleg mann som var svært så interessert i å prate med oss om vår tru og si tru. Vi snakka mykje om dei likskapane som er i religionane våre og også om kva det var som skilte oss frå kvarandre. Det vart eit svært interessant møte der praten gjekk i eit sett i nesten ein time!

Kamilla ser på modellar av ulike moskear verda rundt


Vi traff på ei lokal kvinne som var særs så triveleg!


Eit gamalt konfirmasjonsbilde som dukka opp mellom bileta frå moskeen


Middag på Central Market - idag: Thai Pepper Steak

Religionsfordjupinga heldt fram med å besøke hindutempelet Sri Mahamariammam. Her kom vi midt oppi noko som likna på ei bønnevandring der prestane gjekk fremst i ein prosesjon med røykelse og dei gjekk rundt til dei ulike gudebilda og statuane. Dei la på blomar og fylte heile tempelområdet med ei veldig god røykelselukt. Under heile seansen var det eit lite "band" som spelte indisk musikk med trommer og trompetar.


Bandet i full sving


Ei forfjamsa nordmann var vitne til heile seansen




Stilige dekorasjonar på tempelet

Etter litt shopping som gjorde familien to skopar og endå ei Uniteddrakt rikare kom vi tilbake til hotellet der vi har roa ned ikveld.

No skal dei siste km på Tour de France streamast før vi tek kvelden!

K&Ø


lørdag 14. juli 2012

Ku ala Lumpur

Ja!
Då er vi godt igong med turen vår! Vi har kome oss godt fram til Kuala Lumpur etter ei nokså lang reise som starta tidleg tysdagsmorgonen med båt frå Hareid - fly til Oslo - fly vidare til Doha - før siste flyet til Kuala Lumpur.
Vi var framme her onsdag kl 15 lokal tid (0900 heimetid) og fekk sjekka inn på hotellet vårt: DoubleTree Hilton.

No har vi fått brukt nokre dagar til å akklimatisere oss og er fine i formen. Har allereide fått utforska litt av denne store byen. Vi har mellom anna;


Kjørt med Segway rundtomkring! (PS! Ekstremt kult - må prøvast!)


Vore i fugleparken


Besøkt Batu Caves...


... der vi mata apekattar...


... og såg på dei store naturlege grottene!

No har vi att 3 dagar her i KL som skal brukast til endå fleire oppdagingsferder. Her er mange sjåverdige stadar å stikke innom.

Meir blogging kjeme etterkvart!

K&Ø

søndag 8. juli 2012

Bryllupsreise står for tur! 

Endeleg er det klart for vår store bryllupsreise, til det fjerne austen! Du kan tru vi gledar oss til vi skal reise på tysdag!
Vi skal vere vekke i tre heile veker, og innom Kuala Lumpur, Tioman, Borneo, Singapore, og ein liten tur innom Qatar!

Vi kjem sjølvsagt tilbake med oppdatering med bilder, konkurannsar og film når vi er vel av garde!