torsdag 4. oktober 2012

Tilbake til det seriøse livet...

Malaysiaturen er berre eit godt minne for ekteparet, Grimstad Hagen, og det gode studielivet har vendt tilbake i full styrke!

Eg har, enda ein gong, tenkt å vere flinkare med blogginga. Nei, eg har ikkje tenkt å verte verken hardbarka mammabloggar, eller rosabloggar, men rett og slett skrive litt i ny og ne, uten klisjeri!

Eg starta herved det nye livet med ein liten skrytepost av noko eg trudde eg aldri kom til å klare, men med god mammahjelp fekk til! På mandag var nemleg eg nemlig på IKEA med mamsen og syste Hanne Marte og kidsa..Mamma spotta ei fancy symaskin og fann ut at var det noke minstejenta trengde, måtte det vere ei symaskin!
Så etter ei kjapp opplæring i det svenske vidunderapperatet var eg klar for mi første syoppgåve; opplegging av gardinene! Det viste seg at det skulle gå som ein leik, og eg vart fort klar for neste oppgåve.....Babyteppe til veslejenta, som skal kome i februar!!


Taadaa! Et fresht leiketeppe til en forhåpentligvis fresh unge!



Kamilla

mandag 30. juli 2012

Enden er nær...

Etter å ha våre på farten i snart tre veker har vi no starta på turen heimover! I skrivande stund sit vi på Changi Airport i Singapore - nyt ein Frappucino og muffins på Starbucks medan vi ventar på flyet til Kuala Lumpur. Vi skal ha ei natt i KL før vi imorgon flyg til Doha for å ha ei overnatting der, for så å flyge til Oslo på onsdag morgon.

Sidan sist innlegg har vi flytta oss frå Kuching til Singapore og gjort mykje rart - berre sjå her:


Sett på kokosnøtter på øya Satang (nær Kuching)...


... bada i vatnet på Satang...


... sett på lysshow i Marina Bay i Singapore...


... beskua det ekstremt kule Marina Sands Bay Hotel...


... fått skreddarsydd dress...


... kjøpt perler...


... sett endå fleire fargerike hindutempel...


... besøkt Little India...


...vore på gudsteneste i Sjømannskyrkja i Singapore...


... ete grillmat til middag på Sjømannskyrkja og sjølvsagt vafler og kaffi til dessert...


... vore på Night Safari og sett både små...


... og store dyr!

Meir kjem! Fylg med!

K&Ø

onsdag 25. juli 2012

Videoblogg #3

Levande bilete med musikk attåt presentert på ei interaktiv internettside.

Videoblogg med andre ord!

Snurr film og enjoy!




tirsdag 24. juli 2012

Ku-ching!



Etter at vi hadde kosa oss nesten glugg ihel (men ingen skader, sjukdom e.l.) på Tioman sette vi kursen for fastlandet att...


...med dette flotte fluet! Flyplassen var eit skue i seg sjølv. Utandørs avgangshall og regnskog på alle kantar...


Vi tok oss til Kuala Lumpur for ei natt, før vi igjen sette oss på flyet for å finne fram til Borneo og Kuching!


Igår var vi på besøk i Bako nasjonalpark og fekk sjå apar i både den eine...


...og andre utgåva!


Vi kom også over fleire svin (type: vill)


Etter ein gåtur gjennom regnskogjungelen kom vi fram til denne stranda...



... der vi satte våre spor...


... før ferda gjekk vidare i båt for å sjå på relativt stilige klippeformasjonar. Kamilla vart kanskje ikkje megaimponert...


... sidan ho sovna i båten på veg tilbake.


Igårkveld prøvde vi ut ein lokal resturant og Øyvind hadde denne fisken (Red Snapper) på menyen. Veldig godt!


Dagen idag byrja med besøk i Semenggoh Orangutang Rehabilitation Centre (ja, sjølv orangutangar treng rehab!) Der traff vi på fleire små...


...og store orangutangar! Trur ikkje du vil kome for nær denne typen her. Som vi ser av anatomien er orangutangar svært glade i å gi klemmar!


Så suste vi rundt i byen saman med guiden vår, James, som fortalte mykje om historia og kulturen i og rundt Kuching og i Sarawakregionen.


Eit bilete ved "byporten" saman med katten er obligatorisk. Kuching er malay for katt.

Full fart her borte altså! Mange opplevingar på rekke og rad! Vi kjem tilbake med meir bilete og film dei neste dagane!

K&Ø

lørdag 21. juli 2012

Tilbake ifrå Paradis med videoblogg #2

No har vi kome tilbake til fastlandet etter nokre dagar på øya Tioman. For ei oppleving! Vi budde på ein utruleg flott plass; Bagus Place der vi har kosa oss med god mat, snorkling, soling og total avslapping!

Sjå korleis vi hadde det i videobloggen under!


tirsdag 17. juli 2012

Videoblogg #1


Her kjem ein aldri så liten videosnutt ifrå oss to med smakebitar frå den fyrste veka her i Malaysia!

Når vi no reiser til Tioman vil vi ikkje ha internettilgong, så det vil mest truleg verte dårlig med bloggoppdateringar dei neste dagane. Vi kjem sterkare tilbake mot slutten av komande helg! Nyt sommaren så lenge - det skal i alle fall vi!

Mote - Stil - Luksus - Velvære - vi rosabloggar for deg!


Kuala Lumpur er byen å være i om du er gira på å shoppe! Sjølv vi som ikkje er dei største shoppoholikarane har ikkje klar å unngå å besøke nokre av dei maaange store kjøpesentera her. Vi kan melde om nye joggesko og nye flip-flopar til både herr og fru. I tillegg har Kamilla kjøpt seg bukse, masse kremar, bh og ei ny veske type Louis Vuitton (heilt superekte altså!). Øyvind har gjort seg klar til strandlivet frå topp til tå med flip-flopar, shorts, t-skjorte og caps. I tillegg til ei ny klokke måtte også den splitter nye Uniteddrakta kome i familiens eige!


Korleis vi tek oss ut med alt det nye freshe vi har kjøpt vil du sjå her på bloggen etterkvart!

K&Ø