mandag 11. juli 2011

Nyare oppdatering

Som de alle veit, har den siste månaden vore svært spesiell for oss. Einar døde 5.juni, og vi har hatt ei tøff tid både før, og ikkje minst, etter dette. Det er mange følelsar og opplevingar som må bearbeidast og snakkast om. Vi er heldige som er ei stor familie, der vi er mange som kan støtte kvarandre. Einar sitt minne skal vi ta godt vare på, og vi skal dele det med mange!

Ikkje minst var Einar oppteken av at livet, det går vidare uansett. Våre liv går vidare, og med det går også bryllaupsplanlegginga vår vidare. Vi er heilt ubeskriveleg glade for at vi kunne ha velsignelsen i kyrkja i mai, der også Einar kunne ta del. Den festdagen kjem vi til å ta med oss vidare i livet som eit heilt spesielt og dyrebart minne. Samstundes ser vi også no framover mot 13. august, som vert ein annleis dag enn vi kanskje hadde tenkt då vi tok til å førebuingane. Likevel ser vi veldig fram til å kunne feire denne bryllaupsdagen vår ilag med alle de kjære gjestane våre.

I forrige veke var alle i familien på tur ilag til Side i Tyrkia, der fekk vi ti til å vere ilag og nyte gode dagar saman!


På dagen etter bryllaupet vil vi invitere alle som har lyst til å kome inn til hytta ved Vatnevatnet i Ørsta. Der vert det restefest/etterpålag/sommaridyll! Hytta på Vatne er ein kjærkomen plass for oss, og det er ikkje reint få aktivitetar ein kan bedrive der! Vi kan nemne; kajakkpadling, segling, båttur, fisketur, minigolf, soling, bading (både i vatnet, elva og i badestamp), hesteskokasting, luftgeværskyting, kaffedrikking, kakeeting, sosialisering og mykje anna moro!