torsdag 2. juni 2011

Ei lita oppdatering


Vi er midt oppi ei tøff og vanskeleg tid, der bryllaupsplanlegging og blogging ikkje akkurat har hatt fyrsteprioritet, men no har vi fått sett av litt tid til ei lita oppdatering.
Einar, far til Kamilla er for tida svært alvorleg sjuk av kreft. Det er no over to år sidan han fekk påvist spredning frå kreftsjukdommen han hadde for seksten år sidan. Vi har i lang tid vore optimistiske og Einar har vore innom fleire typar behandlingar som har fungert, men berre i ei begrensa tid. For nokre veker sidan fekk han påvist endå meir spredning, denne gongen til m.a hjernehinna, og legane på sjukehuset har ikkje fleire behandlingar å kome med.
Vi bestemte oss difor å feire bryllaupet på forskot, slik at også Einar kunne vere med på ein festdag ilag med alle dei næraste i familiene våre.

Laurdag 7.mai hadde vi ei velsigning i Ulstein kyrkje, der vi ikkje gifta oss "på ekte", men forma på det var som ein vielse, der vi hadde ein forbønsdel for oss to og for situasjonen, istadenfor ekteskapsinngåing. Alt vart planlagt på fredag, dagen før, og trass i kort varsel var det mange slektningar frå begge sider som kunne kome å vere med i kyrkja. Det var veldig viktig og kjekt for oss. Ida Etnestad, som også skal vie oss i august, var prest også denne dagen. Vi hadde ein flott festdag, og det som kanskje var størst av alt; Einar fekk fylgje Kamilla opp kyrkjegolvet og gje henne vidare til Øyvind.



Etter vi hadde vore i kyrkja var det festmiddag på Geileneset der alle dei næraste i begge familiene var samla, og hadde det kjekt ilag.

Sidan vi ikkje hadde alt papirarbeid i orden, vart vi altså ikkje gifte denne dagen, men vi trur no at vi er så forlova som vi kan verte! 13.august kjem altså framleis til å stå som bryllaupsdag, og denne dagen skal vi feire slik som vi hadde tenkt ifrå utgangspunktet. Det vil likevel vere viktig for oss å ha denne velsigningsdagen å sjå tilbake på når vi kjem til august.

Det ny-velsinga paret med foreldre