torsdag 15. mars 2012

Det vårast!

Det har faktisk gått nøyaktig 4 månadar sidan sist oppdatering frå familien Grimstad Hagen, og mykje spennande har skjedd sidan den gong.
Vi har mellom anna feira jul saman for første gong. Julekvelden feira vi på Larsnes saman med Øyvind sine foreldre, Ingvild og mamma, det var kjekt å vere saman på julekvelden, sjølv om det var vemodig at pappa, Einar, ikkje var der. Vi hadde fine romjulsdagar både på Larsnes og i Ulsteinvik, med tid til venar og familie, samt ein liten visitt av orkanen Dagmar. På bilete under kan ein sjå litt av Damar sine herjingar på Vatne!





På nyåret har tida gått med til mykje skulearbeid for min del. Eg måtte ta opp att eit par eksamenar, og har hatt praksis i snart 8 veker på ei demensavdeling på ein sjukeheim. Den siste eksamenen er faktisk i morgon, og då roar ting seg forhåpentlegvis ned. Øyvind lever det rolege studielivet med litt jobbing, skule og husfaraktivitetar, han er foressten ein svært flink husfar!

Ellers kan eg meddele av pusen lev det søte katteliv, og er ein svært snill og sosial katt. I skrivande stund ligg ho å søv på kjøkkenbordet, på ein haug rekningar og skulebøker.



Til slutt kan vi røpe, for dei som ikkje har fått det med seg, at vi skal på bryllupsreise i sommar! Turen går til fantastiske Malaysia! Der skal vi bade, sole oss, padle i kajakk, sjå apekattar og chille i tre veker! Vi har allereie bestillt oss eit hotell der vi skal vere nokre dagar, linken finn du: her! Vi kjem sjølvsat til å vere flinke med hyppige oppdateringar under turen, så ikkje fortvil!

Fred og kjærleik frå