fredag 13. april 2012

Medikamentrekning og den slags..

Då eg skulle starte på sjukepleie var det to ting eg grua meg til vi skulle lære. 
Det eine var alle ting som hadde med kanyler å gjere. Eg har vore, og er fortsatt redd for å verte stukken, men å stikke sjølv er berre kjekt! 

Den andre tingen eg har vore nervøs for er den berykta medikamentrekningseksamenen! Med 40% som stryk og krav om at alt må vere rett har denne eksamenen hengt som ei stor bekymring på mange sjukepleiarsprirar sine skuldre. Ikkje minst mine...
 Men det har vist seg at det ikkje er så bekymringsverdig alikavel! Brukar ein sunn fornuft, god tid og mykje tid på øving, går det stort sett som ein draum! 
God helg alle mann!

mandag 9. april 2012

Påskeidyll

Vi skriv i dag 2.påskedag 2012, og vi har hatt ei flott påske heime på Sunnmøre. Første del av påska var vi hjå Hagens og kosa oss, tysdag reiste heile familien Grimstad innpå hytta på vatne, der var vi fram til påskeaften. Vi har hatt ei flott og innhaldsrik påske, der vi har fått vore mykje med familiane, stått på ski, og til og med fått vorte tante og onkel for 5. gong! Mari og Tore fekk ei nydeleg lita jente, mandag i påskeveka!

I morgon takkar vi for denne gong, og gledar oss til ein koseleg vår i Bergen med studier og vennar!

                                                       Nokre glimt frå den siste tida

Vakre Bergen, med utsikt mot Ulriken

2 helger før palmehelga reiste vi heim til Larsnes på overraskelsebesøk! Jubelen sto i taket! 

Våren er komen til Bergen, og vi nyr ein deilig middag ute, saman med vår gode venninde Rebekka!

Festlig å gå rundt med slør og tiara

Stolt tante til vesle Håvard som nyt påskesola på hytta

Vakre Larsnes! 

Herr og fru Grimstad Hagen i solveggen på hytta