tirsdag 15. november 2011

Då var vi endeleg gift!

Det har gått tre månadar sidan vi vart mann og kone, og vi storkosar oss som nygifte!
Dagane flyg avgarde med studier, jobb, KRIK og vennar! Eg starta på sjukepleie no i haust, og Øyvind tok til med siste året på lærarutdanninga, i tillegg jobbar han mykje på ein barneskule.
Julie og Sondre var brudepike go brudesvein!




Bruda er ein smule trøtt og nervøs! 


Fantastisk situasjonsbilde!

Forelska par ;)




mandag 11. juli 2011

Nyare oppdatering

Som de alle veit, har den siste månaden vore svært spesiell for oss. Einar døde 5.juni, og vi har hatt ei tøff tid både før, og ikkje minst, etter dette. Det er mange følelsar og opplevingar som må bearbeidast og snakkast om. Vi er heldige som er ei stor familie, der vi er mange som kan støtte kvarandre. Einar sitt minne skal vi ta godt vare på, og vi skal dele det med mange!

Ikkje minst var Einar oppteken av at livet, det går vidare uansett. Våre liv går vidare, og med det går også bryllaupsplanlegginga vår vidare. Vi er heilt ubeskriveleg glade for at vi kunne ha velsignelsen i kyrkja i mai, der også Einar kunne ta del. Den festdagen kjem vi til å ta med oss vidare i livet som eit heilt spesielt og dyrebart minne. Samstundes ser vi også no framover mot 13. august, som vert ein annleis dag enn vi kanskje hadde tenkt då vi tok til å førebuingane. Likevel ser vi veldig fram til å kunne feire denne bryllaupsdagen vår ilag med alle de kjære gjestane våre.

I forrige veke var alle i familien på tur ilag til Side i Tyrkia, der fekk vi ti til å vere ilag og nyte gode dagar saman!


På dagen etter bryllaupet vil vi invitere alle som har lyst til å kome inn til hytta ved Vatnevatnet i Ørsta. Der vert det restefest/etterpålag/sommaridyll! Hytta på Vatne er ein kjærkomen plass for oss, og det er ikkje reint få aktivitetar ein kan bedrive der! Vi kan nemne; kajakkpadling, segling, båttur, fisketur, minigolf, soling, bading (både i vatnet, elva og i badestamp), hesteskokasting, luftgeværskyting, kaffedrikking, kakeeting, sosialisering og mykje anna moro!

torsdag 2. juni 2011

Ei lita oppdatering


Vi er midt oppi ei tøff og vanskeleg tid, der bryllaupsplanlegging og blogging ikkje akkurat har hatt fyrsteprioritet, men no har vi fått sett av litt tid til ei lita oppdatering.
Einar, far til Kamilla er for tida svært alvorleg sjuk av kreft. Det er no over to år sidan han fekk påvist spredning frå kreftsjukdommen han hadde for seksten år sidan. Vi har i lang tid vore optimistiske og Einar har vore innom fleire typar behandlingar som har fungert, men berre i ei begrensa tid. For nokre veker sidan fekk han påvist endå meir spredning, denne gongen til m.a hjernehinna, og legane på sjukehuset har ikkje fleire behandlingar å kome med.
Vi bestemte oss difor å feire bryllaupet på forskot, slik at også Einar kunne vere med på ein festdag ilag med alle dei næraste i familiene våre.

Laurdag 7.mai hadde vi ei velsigning i Ulstein kyrkje, der vi ikkje gifta oss "på ekte", men forma på det var som ein vielse, der vi hadde ein forbønsdel for oss to og for situasjonen, istadenfor ekteskapsinngåing. Alt vart planlagt på fredag, dagen før, og trass i kort varsel var det mange slektningar frå begge sider som kunne kome å vere med i kyrkja. Det var veldig viktig og kjekt for oss. Ida Etnestad, som også skal vie oss i august, var prest også denne dagen. Vi hadde ein flott festdag, og det som kanskje var størst av alt; Einar fekk fylgje Kamilla opp kyrkjegolvet og gje henne vidare til Øyvind.



Etter vi hadde vore i kyrkja var det festmiddag på Geileneset der alle dei næraste i begge familiene var samla, og hadde det kjekt ilag.

Sidan vi ikkje hadde alt papirarbeid i orden, vart vi altså ikkje gifte denne dagen, men vi trur no at vi er så forlova som vi kan verte! 13.august kjem altså framleis til å stå som bryllaupsdag, og denne dagen skal vi feire slik som vi hadde tenkt ifrå utgangspunktet. Det vil likevel vere viktig for oss å ha denne velsigningsdagen å sjå tilbake på når vi kjem til august.

Det ny-velsinga paret med foreldre

tirsdag 26. april 2011

Vinnaren av konkurransa er ....

Vår kjære gode venninde, og Kamilla sin forlovar, Oda Jonette!

Oda og Kamilla på speidarleir i 2004

Premien denne gongen, er flotte osteknivar frå Hardangerbesikk!


fredag 22. april 2011

Trekning

Då er konkurransen avslutta, men ikkje fortvil, det vil kome fleire konkurransar seinare! Den heldige vinnaren av osteknivar frå Hardanger bestikk vil verte publisert over påska

mandag 11. april 2011

Konkurranse nummer 2!

 Sidan det kom overveldande respons på den første quizen, kjem vi med ein til! 

Reglane er som sist, eit svar pr person, og  begge svara må vere rett om ein skal vere med i trekninga av ein flott premie levert av Hardangerbestikk!

Bruk kommentarfeltet til å svare, samt legge att namnet ditt, det er sjølvsagt eit svar pr person og alle er sjølvsagt hjartans velkommen til å vere med! 


Vi fortsett tråden frå forrige runde, med spørsmål frå brudeparet si spede byrjing!


Spørsmåla er som fylgjer:


1. Når vart paret saman?
A: 21. desember 2004
B: 15. januar 2005
C: 5.februar 2005
D: 6. februar 2005
E: 12.februar 2005


2. Kvar var paret då dei vart saman? 
A: Larsnes
B: Ålesund
C:Kristiansund
D: Ulsteinvik
E: Hytta på Vatne


Konkurransen vert avslutta palmesøndag! Lykke til!

torsdag 31. mars 2011

Bryllupsmesse #2


I dag har vi vore på enda ei bryllupsmesse, og denne gongen var det høgaktuelle GlassThomsen som stod for tur! Sidan GlassThomsen (PF Waage) er den mest populære bryllupsgåvebutikken i Ulsteinvik, har vi valgt å legge ut den mest innhaldsrike ønskelista der. Er du snar kan du faktisk få avslag på nokre av ynskja våre, sidan det er sal på både Kosta Boda og EvaSolo denne helga!

lørdag 19. mars 2011

Trekning #1

Vi har hatt trekning av den fyrste konkurransa vår!
Dei rette svara var:
D: På 16.maikamp på Høddvoll
og
E: 15 og 17 år

Det var fleire med rett svar, men vinnaren vart...
... Trommevirvel...
Hege!

Premien er også feiande flott! Ein termokopp frå Nescafe! I tillegg gjekk inntektene av denne termokoppen til Krafttak mot kreft!





mandag 14. mars 2011

Konkurranse #1



No er det på høg tid å få igong konkurransane her inne! Vi vart inspirert av bryllaupsmessa igår, og tenkte at også vi skal ha ein liten giveaway!
Her kjem det to spørsmål. og det gjeld å svare rett på begge spørsmåla for å vere med i trekninga om ei feit premie som vert trekt ut i slutten av veka!

For å vere med brukar du kommentarfeltet og skriv dei to rette alternativa i tillegg til namnet ditt! Det er sjølvsagt berre eit forsøk per person!

Spørmåla er som fylgjer:

1. Det er mange år sidan brudeparet møtte kvarandre, men i kva samanheng såg Kamilla for fysste gong sin komande mann?

A: På TenSing øving i Ulsteinvik
B: På sykkelverstaden på G-Sport
C: På songarstemne på Sæbø
D: På 16.mai-kamp på Høddvoll
E: I kantina på Ulstein VGS.

2. Kor gamle var brudeparet når dei vart saman?

A: 15 og 18
B: 14 og 16
C: 18 og 20
D:16 og 19
E: 15 og 17

Send inn svar og ver med i konkurransen! Rett svar vert publisert like før helga!

søndag 13. mars 2011

Bryllupsmesse

I dag har vi vore på bryllaupsmesse saman med to andre komande brudepar, Lillian og Eivind og Magnus og Elisabeth! Vi har hatt ein flott ettermiddag med masse smaksprøver, godteri, jordbær og champange/ mozell og ikkje minst "goodibaggar" og gavedryss!
Eg vart trekt ut som den heldige vinnaren av ein pakke frå brudehuset til ein verdi av ca 1000 kroner! I tillegg fekk alle som var der ei flott lyslykt av villroy & boch!
Hmm...Skal tru kva som er i posen...?
Hurra for strømper, øyredobbar og armband!!

Det var stor konkurranse om å få tak i brudebuketten!


Stor spenning før premiane vart trekt ut!

tirsdag 8. mars 2011

Invitasjonane er på veg ut!

Som overskrifta seier, så er invitasjonane på veg ut, og om du er inne på denne sida for første gong er du velkommen til å følge med på kva som skjer fram til den store dagen vår, i august! 


 Vi kan ikkje love deg daglege oppdateringar, men det kan vere lurt å kike innom ein gong i ny og ne for å sjå om her er nye konkurannsar, eller anna snacks!

fredag 4. mars 2011

Sida er oppe og går!

No kan vi verkeleg seie at vi er igong her inne!
Sida tek meir og meir form, og det vil kome fleire innlegg her om ikkje mange straksar!

Vi må seie at det er mykje som allereie er i boks i god tid før 13.august! Både kyrkje, prest, brudepike, brudesvein, festlokale, brudekjole, invitasjonar og fotograf er alt ordna, berre for å nemne noko!

Både ynskjelister, fleire bilete og anna snadder kjem etterkvart! Etter at vi gjorde stor suksess med konkurransar på Londonbloggen vår frå ifjor vinter og Kajakkbloggen i sommar vil vi nok leggje opp til at du kan vinne noko morosamt berre du fyl med her inne også!

Vi gler oss i allefall storleg til 13. august, og til (nesten) all den førebuinga som vi har føre oss!