torsdag 15. mars 2012

Det vårast!

Det har faktisk gått nøyaktig 4 månadar sidan sist oppdatering frå familien Grimstad Hagen, og mykje spennande har skjedd sidan den gong.
Vi har mellom anna feira jul saman for første gong. Julekvelden feira vi på Larsnes saman med Øyvind sine foreldre, Ingvild og mamma, det var kjekt å vere saman på julekvelden, sjølv om det var vemodig at pappa, Einar, ikkje var der. Vi hadde fine romjulsdagar både på Larsnes og i Ulsteinvik, med tid til venar og familie, samt ein liten visitt av orkanen Dagmar. På bilete under kan ein sjå litt av Damar sine herjingar på Vatne!





På nyåret har tida gått med til mykje skulearbeid for min del. Eg måtte ta opp att eit par eksamenar, og har hatt praksis i snart 8 veker på ei demensavdeling på ein sjukeheim. Den siste eksamenen er faktisk i morgon, og då roar ting seg forhåpentlegvis ned. Øyvind lever det rolege studielivet med litt jobbing, skule og husfaraktivitetar, han er foressten ein svært flink husfar!

Ellers kan eg meddele av pusen lev det søte katteliv, og er ein svært snill og sosial katt. I skrivande stund ligg ho å søv på kjøkkenbordet, på ein haug rekningar og skulebøker.



Til slutt kan vi røpe, for dei som ikkje har fått det med seg, at vi skal på bryllupsreise i sommar! Turen går til fantastiske Malaysia! Der skal vi bade, sole oss, padle i kajakk, sjå apekattar og chille i tre veker! Vi har allereie bestillt oss eit hotell der vi skal vere nokre dagar, linken finn du: her! Vi kjem sjølvsat til å vere flinke med hyppige oppdateringar under turen, så ikkje fortvil!

Fred og kjærleik frå 

tirsdag 15. november 2011

Då var vi endeleg gift!

Det har gått tre månadar sidan vi vart mann og kone, og vi storkosar oss som nygifte!
Dagane flyg avgarde med studier, jobb, KRIK og vennar! Eg starta på sjukepleie no i haust, og Øyvind tok til med siste året på lærarutdanninga, i tillegg jobbar han mykje på ein barneskule.
Julie og Sondre var brudepike go brudesvein!




Bruda er ein smule trøtt og nervøs! 


Fantastisk situasjonsbilde!

Forelska par ;)




mandag 11. juli 2011

Nyare oppdatering

Som de alle veit, har den siste månaden vore svært spesiell for oss. Einar døde 5.juni, og vi har hatt ei tøff tid både før, og ikkje minst, etter dette. Det er mange følelsar og opplevingar som må bearbeidast og snakkast om. Vi er heldige som er ei stor familie, der vi er mange som kan støtte kvarandre. Einar sitt minne skal vi ta godt vare på, og vi skal dele det med mange!

Ikkje minst var Einar oppteken av at livet, det går vidare uansett. Våre liv går vidare, og med det går også bryllaupsplanlegginga vår vidare. Vi er heilt ubeskriveleg glade for at vi kunne ha velsignelsen i kyrkja i mai, der også Einar kunne ta del. Den festdagen kjem vi til å ta med oss vidare i livet som eit heilt spesielt og dyrebart minne. Samstundes ser vi også no framover mot 13. august, som vert ein annleis dag enn vi kanskje hadde tenkt då vi tok til å førebuingane. Likevel ser vi veldig fram til å kunne feire denne bryllaupsdagen vår ilag med alle de kjære gjestane våre.

I forrige veke var alle i familien på tur ilag til Side i Tyrkia, der fekk vi ti til å vere ilag og nyte gode dagar saman!


På dagen etter bryllaupet vil vi invitere alle som har lyst til å kome inn til hytta ved Vatnevatnet i Ørsta. Der vert det restefest/etterpålag/sommaridyll! Hytta på Vatne er ein kjærkomen plass for oss, og det er ikkje reint få aktivitetar ein kan bedrive der! Vi kan nemne; kajakkpadling, segling, båttur, fisketur, minigolf, soling, bading (både i vatnet, elva og i badestamp), hesteskokasting, luftgeværskyting, kaffedrikking, kakeeting, sosialisering og mykje anna moro!

torsdag 2. juni 2011

Ei lita oppdatering


Vi er midt oppi ei tøff og vanskeleg tid, der bryllaupsplanlegging og blogging ikkje akkurat har hatt fyrsteprioritet, men no har vi fått sett av litt tid til ei lita oppdatering.
Einar, far til Kamilla er for tida svært alvorleg sjuk av kreft. Det er no over to år sidan han fekk påvist spredning frå kreftsjukdommen han hadde for seksten år sidan. Vi har i lang tid vore optimistiske og Einar har vore innom fleire typar behandlingar som har fungert, men berre i ei begrensa tid. For nokre veker sidan fekk han påvist endå meir spredning, denne gongen til m.a hjernehinna, og legane på sjukehuset har ikkje fleire behandlingar å kome med.
Vi bestemte oss difor å feire bryllaupet på forskot, slik at også Einar kunne vere med på ein festdag ilag med alle dei næraste i familiene våre.

Laurdag 7.mai hadde vi ei velsigning i Ulstein kyrkje, der vi ikkje gifta oss "på ekte", men forma på det var som ein vielse, der vi hadde ein forbønsdel for oss to og for situasjonen, istadenfor ekteskapsinngåing. Alt vart planlagt på fredag, dagen før, og trass i kort varsel var det mange slektningar frå begge sider som kunne kome å vere med i kyrkja. Det var veldig viktig og kjekt for oss. Ida Etnestad, som også skal vie oss i august, var prest også denne dagen. Vi hadde ein flott festdag, og det som kanskje var størst av alt; Einar fekk fylgje Kamilla opp kyrkjegolvet og gje henne vidare til Øyvind.



Etter vi hadde vore i kyrkja var det festmiddag på Geileneset der alle dei næraste i begge familiene var samla, og hadde det kjekt ilag.

Sidan vi ikkje hadde alt papirarbeid i orden, vart vi altså ikkje gifte denne dagen, men vi trur no at vi er så forlova som vi kan verte! 13.august kjem altså framleis til å stå som bryllaupsdag, og denne dagen skal vi feire slik som vi hadde tenkt ifrå utgangspunktet. Det vil likevel vere viktig for oss å ha denne velsigningsdagen å sjå tilbake på når vi kjem til august.

Det ny-velsinga paret med foreldre

tirsdag 26. april 2011

Vinnaren av konkurransa er ....

Vår kjære gode venninde, og Kamilla sin forlovar, Oda Jonette!

Oda og Kamilla på speidarleir i 2004

Premien denne gongen, er flotte osteknivar frå Hardangerbesikk!


fredag 22. april 2011

Trekning

Då er konkurransen avslutta, men ikkje fortvil, det vil kome fleire konkurransar seinare! Den heldige vinnaren av osteknivar frå Hardanger bestikk vil verte publisert over påska

mandag 11. april 2011

Konkurranse nummer 2!

 Sidan det kom overveldande respons på den første quizen, kjem vi med ein til! 

Reglane er som sist, eit svar pr person, og  begge svara må vere rett om ein skal vere med i trekninga av ein flott premie levert av Hardangerbestikk!

Bruk kommentarfeltet til å svare, samt legge att namnet ditt, det er sjølvsagt eit svar pr person og alle er sjølvsagt hjartans velkommen til å vere med! 


Vi fortsett tråden frå forrige runde, med spørsmål frå brudeparet si spede byrjing!


Spørsmåla er som fylgjer:


1. Når vart paret saman?
A: 21. desember 2004
B: 15. januar 2005
C: 5.februar 2005
D: 6. februar 2005
E: 12.februar 2005


2. Kvar var paret då dei vart saman? 
A: Larsnes
B: Ålesund
C:Kristiansund
D: Ulsteinvik
E: Hytta på Vatne


Konkurransen vert avslutta palmesøndag! Lykke til!