søndag 15. juli 2012

Religiøs dag

Idag har vi hatt ein dag med religionsfordjuping!
Det heile starta med besøk på museumet for islamsk kunst etterfulgt av eit besøk i nasjonalmoskeen - Masjid Negara. På museet såg vi mykje gamle, eindel fine og litt rare ting.
I Masjid Negara traff vi på ein svært hyggeleg mann som var svært så interessert i å prate med oss om vår tru og si tru. Vi snakka mykje om dei likskapane som er i religionane våre og også om kva det var som skilte oss frå kvarandre. Det vart eit svært interessant møte der praten gjekk i eit sett i nesten ein time!

Kamilla ser på modellar av ulike moskear verda rundt


Vi traff på ei lokal kvinne som var særs så triveleg!


Eit gamalt konfirmasjonsbilde som dukka opp mellom bileta frå moskeen


Middag på Central Market - idag: Thai Pepper Steak

Religionsfordjupinga heldt fram med å besøke hindutempelet Sri Mahamariammam. Her kom vi midt oppi noko som likna på ei bønnevandring der prestane gjekk fremst i ein prosesjon med røykelse og dei gjekk rundt til dei ulike gudebilda og statuane. Dei la på blomar og fylte heile tempelområdet med ei veldig god røykelselukt. Under heile seansen var det eit lite "band" som spelte indisk musikk med trommer og trompetar.


Bandet i full sving


Ei forfjamsa nordmann var vitne til heile seansen




Stilige dekorasjonar på tempelet

Etter litt shopping som gjorde familien to skopar og endå ei Uniteddrakt rikare kom vi tilbake til hotellet der vi har roa ned ikveld.

No skal dei siste km på Tour de France streamast før vi tek kvelden!

K&Ø


lørdag 14. juli 2012

Ku ala Lumpur

Ja!
Då er vi godt igong med turen vår! Vi har kome oss godt fram til Kuala Lumpur etter ei nokså lang reise som starta tidleg tysdagsmorgonen med båt frå Hareid - fly til Oslo - fly vidare til Doha - før siste flyet til Kuala Lumpur.
Vi var framme her onsdag kl 15 lokal tid (0900 heimetid) og fekk sjekka inn på hotellet vårt: DoubleTree Hilton.

No har vi fått brukt nokre dagar til å akklimatisere oss og er fine i formen. Har allereide fått utforska litt av denne store byen. Vi har mellom anna;


Kjørt med Segway rundtomkring! (PS! Ekstremt kult - må prøvast!)


Vore i fugleparken


Besøkt Batu Caves...


... der vi mata apekattar...


... og såg på dei store naturlege grottene!

No har vi att 3 dagar her i KL som skal brukast til endå fleire oppdagingsferder. Her er mange sjåverdige stadar å stikke innom.

Meir blogging kjeme etterkvart!

K&Ø

søndag 8. juli 2012

Bryllupsreise står for tur! 

Endeleg er det klart for vår store bryllupsreise, til det fjerne austen! Du kan tru vi gledar oss til vi skal reise på tysdag!
Vi skal vere vekke i tre heile veker, og innom Kuala Lumpur, Tioman, Borneo, Singapore, og ein liten tur innom Qatar!

Vi kjem sjølvsagt tilbake med oppdatering med bilder, konkurannsar og film når vi er vel av garde!


fredag 13. april 2012

Medikamentrekning og den slags..

Då eg skulle starte på sjukepleie var det to ting eg grua meg til vi skulle lære. 
Det eine var alle ting som hadde med kanyler å gjere. Eg har vore, og er fortsatt redd for å verte stukken, men å stikke sjølv er berre kjekt! 

Den andre tingen eg har vore nervøs for er den berykta medikamentrekningseksamenen! Med 40% som stryk og krav om at alt må vere rett har denne eksamenen hengt som ei stor bekymring på mange sjukepleiarsprirar sine skuldre. Ikkje minst mine...
 Men det har vist seg at det ikkje er så bekymringsverdig alikavel! Brukar ein sunn fornuft, god tid og mykje tid på øving, går det stort sett som ein draum! 
God helg alle mann!

mandag 9. april 2012

Påskeidyll

Vi skriv i dag 2.påskedag 2012, og vi har hatt ei flott påske heime på Sunnmøre. Første del av påska var vi hjå Hagens og kosa oss, tysdag reiste heile familien Grimstad innpå hytta på vatne, der var vi fram til påskeaften. Vi har hatt ei flott og innhaldsrik påske, der vi har fått vore mykje med familiane, stått på ski, og til og med fått vorte tante og onkel for 5. gong! Mari og Tore fekk ei nydeleg lita jente, mandag i påskeveka!

I morgon takkar vi for denne gong, og gledar oss til ein koseleg vår i Bergen med studier og vennar!

                                                       Nokre glimt frå den siste tida

Vakre Bergen, med utsikt mot Ulriken

2 helger før palmehelga reiste vi heim til Larsnes på overraskelsebesøk! Jubelen sto i taket! 

Våren er komen til Bergen, og vi nyr ein deilig middag ute, saman med vår gode venninde Rebekka!

Festlig å gå rundt med slør og tiara

Stolt tante til vesle Håvard som nyt påskesola på hytta

Vakre Larsnes! 

Herr og fru Grimstad Hagen i solveggen på hytta

torsdag 15. mars 2012

Det vårast!

Det har faktisk gått nøyaktig 4 månadar sidan sist oppdatering frå familien Grimstad Hagen, og mykje spennande har skjedd sidan den gong.
Vi har mellom anna feira jul saman for første gong. Julekvelden feira vi på Larsnes saman med Øyvind sine foreldre, Ingvild og mamma, det var kjekt å vere saman på julekvelden, sjølv om det var vemodig at pappa, Einar, ikkje var der. Vi hadde fine romjulsdagar både på Larsnes og i Ulsteinvik, med tid til venar og familie, samt ein liten visitt av orkanen Dagmar. På bilete under kan ein sjå litt av Damar sine herjingar på Vatne!





På nyåret har tida gått med til mykje skulearbeid for min del. Eg måtte ta opp att eit par eksamenar, og har hatt praksis i snart 8 veker på ei demensavdeling på ein sjukeheim. Den siste eksamenen er faktisk i morgon, og då roar ting seg forhåpentlegvis ned. Øyvind lever det rolege studielivet med litt jobbing, skule og husfaraktivitetar, han er foressten ein svært flink husfar!

Ellers kan eg meddele av pusen lev det søte katteliv, og er ein svært snill og sosial katt. I skrivande stund ligg ho å søv på kjøkkenbordet, på ein haug rekningar og skulebøker.



Til slutt kan vi røpe, for dei som ikkje har fått det med seg, at vi skal på bryllupsreise i sommar! Turen går til fantastiske Malaysia! Der skal vi bade, sole oss, padle i kajakk, sjå apekattar og chille i tre veker! Vi har allereie bestillt oss eit hotell der vi skal vere nokre dagar, linken finn du: her! Vi kjem sjølvsat til å vere flinke med hyppige oppdateringar under turen, så ikkje fortvil!

Fred og kjærleik frå 

tirsdag 15. november 2011

Då var vi endeleg gift!

Det har gått tre månadar sidan vi vart mann og kone, og vi storkosar oss som nygifte!
Dagane flyg avgarde med studier, jobb, KRIK og vennar! Eg starta på sjukepleie no i haust, og Øyvind tok til med siste året på lærarutdanninga, i tillegg jobbar han mykje på ein barneskule.
Julie og Sondre var brudepike go brudesvein!




Bruda er ein smule trøtt og nervøs! 


Fantastisk situasjonsbilde!

Forelska par ;)